299 - Fordums synder
Og med denne fullblodsreturen til det steingamle (høh, høh, høh) plottet eg starta i stripe #001, så tek LE ein pause på ubestemt tid. Ved å stoppe på 299 satsar eg på at freistinga til å lage nummer 300 blir for stor ein dag i framtida, og at dette dermed ikkje blir slutten. Takk for følgjet så langt!
Publisert 23.05.20123 kommentarar
Obdormio skreiv:
Eg klarer ikkje heilt sjå relevansen til #006, men får vel ta forfattarens ord på at der er ein samanheng. Eg syns godt du kunne inkludert ein link til #008, for å gje litt drahjelp til dei som ikkje er såpass i målgruppa at dei hugsar striper frå seks år sidan.
Elles må eg seie at dette var ein overraskande tilfredsstillande konklusjon på soga.
23.05.2012, 10:05:21
Loki skreiv:
008 tek eksplisitt utgangspunkt i Loke sin frustrasjon over tapet på spelet som starta i 006, så dermed er det der plottet eigentleg startar. :)
Tusen takk for ros. Eg har dei siste to-tre månadane gått og grubla på om denne stripa ville bli ein fullgod avslutning på all denne springinga, og kjente meg aldri heilt overtydd om det. Så godt å høyre at nokon tykte det var tilfellet!
24.05.2012, 08:54:59
Loki skreiv:
Uff, du har jo heilt rett i at 6 var eit ulogisk punkt å sei det starta på, dette går heilt tilbake til stripe 1, det! :D Yay, full circle!
29.05.2012, 11:22:04
